Randsfjordmuseene, seksjon for naturhistorie, 2870 Dokka
Kontaktperson: Finn Audun Grøndahl
fag@randsfjordmuseene.no
Tlf. 90 58 77 89
 
 

Valdresmusea AS

Valdresmusea AS

Valdresmusea AS vart stifta i 2007, og er den konsoliderte driftsorganisasjonen for Bautahaugen Samlinger, Bagn Bygdesamling og Valdres Folkemuseum. Jamfør vedtektene skal Valdresmusea drive ”kulturhistorisk bevaring, formidling og forsking, spesielt knytt til den lokale kulturarven.”

Valdres Folkemuseum
Valdres Folkemuseum er eit av dei største friluftsmusea i Noreg. Det er om lag 100 hus og anlegg innanfor skigarden på museumsområdet. Mellomalderloftet frå Uppigard Høve er det eldste (frå før 1350) ikkje-kyrkjelege trehuset i Valdres i dag og vart oppsett på museet i 1946-1947.

Samlingane
Samlingane på Valdres Folkemuseum teller 20 000 gjenstandar. Valdres Folkemuseum har landets eldste lokale folkemusikkarkiv med over 9000 enkeltspor med musikk og song. Museet sitt fotoarkiv teller 64 000 bilete. Opplandsarkivet har òg ei avdeling her med om lag 480 forskjellige papirarkiv. Valdres Folkemuseum har eige studiesenter og ein instrumentverkstad med produksjon av langeleikar og hardingfeler, samt reparasjon av ulike instrument og strengeproduksjon.

Friluftsmuseet
Museet har også eit stølsområde. Her står fleire stølshus frå 1700-talet og Tvengestølen frå 1948. Tvengestølen vart oppsett på museet i 1998 som eit ledd i satsinga på å dokumentere vår eiga nære fortid.

Husdyr, støls- og utmarksdrift
I Valdres finn ein det største samanhengande stølsområdet i Nord-Europa. Framleis er det mange gardbrukarar som nyttar fjellressursane, og som busett seg i fjellet om sumaren. Støling er eitt av hovudsatsingsområda for Valdres Folkemuseum. Valdres Folkemuseum driv eige støl på toppen av Storøya. Her er budeia i arbeid store delar av sumaren. På denne måten ynskjer museet å spreie kunnskap og forståing for støling som viktig del av eit moderne, norsk landbruk. Det næringsrike fjellbeitet var viktig for buskapen og naturressursane gav matauk for folket på garden. Jakt- og fangstinstallasjonar finn du på området ovanfor stølslaget. Valdres er framleis eit kjerneområde for det levande stølslivet i Noreg.

Naturstig og leikeplass
I 1982 vart det opparbeidd ein naturstig på Valdres Folkemuseum. Det skjedde i samarbeid med landbruksnemnda og skulekontoret i Nord-Aurdal kommune. Naturstigen er 1,7 kilometer lang og er knytt til naturen og undervisningsopplegget på museumsområdet. På museumsplassen er det leikeplass for barna. Her finn du huske, sandkasse, balansestokk og stylter.

Bagn Bygdesamling - Bagn
Bagnsbergat'n gård
 
Friluftsmuseum ved E-16, 5 km sør for Bagn sentrum - grunnlagt på garden Islandsmoen i 1920. 17 bygninger, bl.a. oppgangssag og bekkekvern. Skolehuset «Dølven skule» rommer lærerbolig og skolemuseum.

Andre spesielle utstillinger: Verdenskrigen 1940-45- husgeråd - verksteder - jord-/skogbruk - forfatteren Mikjel Fønhus - komponisten Sigurd Islandsmoen. Gangsti til husmannsplassen Sandviken. Åpent hele året etter avtale. Sommersesongen: Omvisning alle dager fra kl 11.00–16.00 (23. juni–19. august). Tlf. 61 34 77 49.

Bautahaugen Samlinger - Hedalen
Bygdetun v/Rv. 243 med gardstun, seteranlegg, husmannsplass med krambu og skolemuseum, fiskebu fra Vassfaret og en av de få årestuene som er igjen i Valdres,- pluss gammel kvern i Hedalselva. Bautahaugen ble grunnlagt i 1902, og fikk navnet etter bautaer reist til minne om frihetskampene i 1814. Her er også «Kongesteinen» og «Dronningbordet», fra 1905. Bautahaugen har en stor samling verdifulle gjenstander fra Hedalen og Vassfaret.

Kontaktinfo:
Telefon: 61 35 99 00
Heimeside: www.valdres.museum.no




Formidlingstilbud: